Kulturarv Lustrafjorden 1819 og 2019
(Sogn avis, laurdag 22. juni 2019)
Den 22. juni fall i 1819 på ein tysdag. Korleis var det på garden Ytre Kroken denne dagen, 200 år tilbake i tid? Eldstesonen Gerhard Munthe var ikkje komen heim enno; han var på reise oppover Hallingdal i lag med kunstnaren Johannes Flintoe. Nesteldstesonen Peder var komen heim, til stor glede for mor Bolette, far Hartvig og dei seks yngre ungane.
Peder var nett utskriven frå Krigsskulen i Christiania. Der hadde han vori i åtte år, til evig uro for foreldra. I motsetnad til eldstesonen Gerhard, som gjorde lynkarriere, gjekk det heller seint med Peder. Nå var han endeleg heimkomen. Far hans uttrykte kor glad han var for dette, i brevet frå 8. mai same året: ”Peder har lykkelig klareret sin Examen og nu staar paa Veien at forlade Stedet. Jeg glæder mig til hans Komme og efter saamange Aars Fraværelse at se ham igjen sund og frisk og, om sent, dog at have opnaaet eller, som jeg ei ved, skal opnaa sitt første Bestemmelse, naar Forslaget kommer tilbage. Gud ske lov!” Etter at han kom heim, reiste han aldri meir tilbake til hovudstaden, legg sonesonen Hartvig til som ein kommentar i brevavskrifta. Peder vart gardbrukar på Indre Kroken, og vart ofte kalla ”Vetle-Kapteinen”, til skam og skjendsels samanlikning mot storebroren Gerhard som fekk tilnamnet ”Store-Kaftein”.
Huslyden, med alle sine tenarar og husmenn – og budeier på stølen, var ein lagdelt huslyd. Det var også kontaktnettet rundt fjorden, der Flintoe skulle bli introdusert desse sommarmånadene i 1819. I tillegg til familiane Pavels og Munthe, som hadde spreidd seg til prestegardar både i Hafslo, Sogndal og Aurland, høyrde også resten av omgangskrinsen til familien heime i embetsstanden. Kontakten mellom Kroken og prestegarden i Luster var god, den gongen som nå.
Prestegarden i Luster
Der budde presten Edvard Qvale, i same huset som står der i dag. Frå Munthe-arkivet går det fram at han var mellom Bolette og Hartvig Muthes nære vener. Han vart premiert av landbruksselskapet for hagedyrkinga si, med både pryd- og nyttehage som strekte seg frå fjorden og opp til Stupelshagen. Der hadde han sprengt bort fjell, fylt opp med jord og planta 20 epletrær og bygd lysthus. På måleriet Flintoe gjorde sommaren 1819 er prestegarden – med dei mange husmannsplassane så vel som lysthuset – festa til papiret. Og på skissa til måleriet har Flintoe notert at det er potetåker på Kvåle. Framskritt i gardsdrift og hagebruk var familien Munthe opptekne av, og det fanga Flintoe opp i mange av bileta sine.
Tohundre år etter er det ikkje poteter som kjem fram i kunsten som blir vist i Prestegarden i Luster. Men tematikken er nærskyld. For kva er natur og kva er kultur? Kva rolle spelar fjella i medvitet vårt i dag og korleis kan Flintoe sine bilete førast inn i ein dagsaktuell klimadiskusjon? Det er spørsmål det blir gode høve til å diskutere i sommar, omgjevne av Marianne Heske og Tiril Schrøders kunstverk.
Skjolden, Flintoe og Wittgenstein
På ferda si over og omkring på fjorden kom også Flintoe inn til Eide på Skjolden. Der gjorde han skissene til det meir kjende måleriet som kunstnaren sjølv teksta med: «Fortundalen fra Eid. I Mellemgrunden sees Furaasfossen og Gaarden Fuglesteg. I Baggrunden Fjeldtinden Fanarauki». Om lag hundre år etter at Flintoe var der og teikna motivet kom filosofen til same plassen. Tidvis budde han på garden Eide, og så fekk han sett seg opp ei hytte på andre sida av Eidsvatnet. Hytta vart kalla ”Austerrike”, og nå er ho attreist og opna der ho tidlegare sto. Hytta blir tilgjengeleg for vitjing framover, og måleriet er del av den store utstillinga i Munthehuset i Kroken i sommar.
Ingen stavkyrkjer
Katalogen frå utstillinga i hovudstanden i 1820, der Flintoe fyrste gongen presenterte resultata av målarferda til Sogn, syner fleire kyrkjer. Men dei er ikkje hovudmotiv i bileta, og stavkyrkjene var enno ikkje tekne fram som nasjonalmonument. Urnes var slett ikkje med! I staden var det segnene om Habor og Signe og ”Habors Höi” som fekk representere ”Odnæs”, som Flintoe attgav det som i katalogen. Segnene og eventyra vart samla inn og gjort til nasjonalskattar tidlegare enn dei materielle levningane.
Da stavkyrkjene fyrst vart viktige, var kunstnarane i fremste rekke. Både Aldolph Tidemand og Joachim Frich underteikna innbydinga til å stifte «Foreningen til Norske Fortidsminnesmærkers Bevaring» i 1844, men J. C. Dahl var den vart den eigentlege opphavsmannen. Han var professor ved kunstakademiet i Dresden, og i 1826 reiste han på si fyrste målarferd i heimlandet. Reiseruta var lagt opp av Flintoe, og kulturhistorikaren Arne Lie Christensen tolkar Flintoes kjennskap til stavkyrkjene som ein viktig premiss for kvar Dahl reiste. Han kom sjølvsagt også til Sogn.
I vår tid er kulturarv også del av globalisering, og da UNESCO gav utvald status til einskilde objekt som verdsarv, kom Urnes stavkyrkje inn som det fyrste norske innslaget i 1979. Desse førti åra blir også markerte i dag, samstundes som utstillinga i Munthehuset syner koplinga mellom kunst og kulturarv.
Travel sommar
Det verkar som om Flintoe og Munthe hadde det travelt desse sommarvekene for 200 år sidan. Fjella hadde truleg alt overvelda Flintoe på vegen hit, og det er ikkje spor i kunsten hans av at dei reiste til fjells att mens dei var her. Dei fleste bileta syner kultiverte landskap, med dei dramatiske fjella bakom og isbreane som noe ein skoda frå langt hald. Fyrst tre år etter, da Flintoe kom att i 1822, reiste han inn til Jostedalsbreen og opp på Skagastølen. Den fyrste sommaren i Luster gav målaren smaken på meir av fjell, bre og fjord.
Bileta som blir viste i Munthehuset i sommar syner så tydeleg kvar Flintoe var, kvar han sto og teikna skissene sine. Det er nå eingong noe stabilt og uforandareleg med ”dei gamle fjell i syningom”, og dei er attkjennande på bileta. Samstundes er samfunnet eit heilt anna. Ferdselsvegane, til dømes, er totalt endra, og om det er Lustrafjorden som bind kulturarven saman i sommar, går ferda for det meste med bil på land. Mens Munthe og Flintoe vitja sine standsfeller hjå familien Daae på Nygard eller presten Qvale, er det vår von at kulturarven i dag blir ein møteplass på tvers av sosiale skilnader. Da Flintoe teikna bøndene og presenterte dei for byborgarskapet vart det kimen til ei demokratisk utvikling, der bønder og borgarar, kvinner og menn i dag har like rettar og plikter i samfunnet. Kunsten og kulturarven blir slik til både byrgskap og ettertanke.
Kjelder:
Nasjonalbiblioteket: Ms. 8° 3678:B ”Gamle Breve”. Brev til Gerhard Munthe 1815–1824.
Nils Messel: Oppdagelsen av fjellet. Nasjonalmuseet, 2008.
Arne Lie Christensen: Kunsten å bevare. Pax, 2011.