Feministisk vandring

Artikkel nummer 4 i Sogn avis, 8. juni 2019

Det var ingen kvinner med over fjellet, verken da Carpelan gjorde dei to reisene sine eller da Flintoe og Munthe kom til Kroken sommaren 1819. Kvinnelege målarar frå fyrste helvta av 1800-talet er oftast heller ikkje å finne att i kunsthistoriske oversiktsverk. I denne teksten vender eg likevel blikket mot to kvinner som uttrykte seg i bilete og tekst på denne tida.

Fyrst og fremst er det Catharine Hermine Kølle (1788–1859) sin penn og pensel som må fram. Ho voks opp som prestedotter, det meste av tida i Hardanger. Som vaksen busette ho seg i lag med systrene sine på den vesle garden Holmen i Ulvik. Frå 1820-åra byrja ho på lange vandringar i sommarhalvåret, som ho dokumenterte i måleri og reiseskildringar.

Innimellom låner eg også øre til Petronelle Nielsen, fordi ho var tydelegare i tekstane sine, om korleis ho opplevde å vera kvinne med brennande interesse for kunst. Da ho var 79 år gammal i 1876 skreiv ho at ”Min Atraae og Lyst var i min tidlige Ungdom, en Higen efter at lære Musik og Malerkunst”. Petronelle voks opp både i Hedmark og Oppland. Petronelle lærte ein del målarteknikk frå far sin som faktisk var elev ved kunstakademiet i København i 1780. Der fekk ikkje kvinner innpass før i 1880-åra. Men som ho sjølv seier det, var det dobbelt vanskeleg å komma vidare; ho voks opp på bygda og ho var kvinne.

Dei to kvinnene møttes truleg aldri, sjølv om dei vandra i same traktene på same tid. For attåt kunstnartrong var utferdstrong deira fellesskap. Felles for begge er også at dei har etterlate seg dokument som gjer det muleg å skrive dei fram i lag med Flintoe og Carpelan i dag. Reisedagbøkene etter Kølle er i Universitetsbiblioteket i Bergen, mens Nielsens dagbøker er i Nasjonalbiblioteket i Oslo.

Vått, vilt og ufruktbart

Catharine Kølle la i 1826 ut på den fyrste vandringa som er dokumentert, og det vart til saman 15 kjende reiser. Reiseskildringane er aldri publiserte i bokform, men mange er nå digitalt tilgjengelege gjennom Universitetet i Bergen. Fyrste gongen ho nemner Sogn er truleg i 1831, da ho er innom i Eivindvik på veg heim frå ei lang reise om Kristiansand og Kristiania til København og Gøteborg før ho vandrar opp Gudbrandsdalen og over til Trøndelag og Romsdalen.

Kølle er godt kjent med dei nasjonalromantiske ideala som er på veg til å etablere seg i landet frå Flintoe var i Sogn i 1819 og 1822. I skildringa frå Førde i 1831 skriv ho om vegen opp til ein isbre: ”Her er virkelig skjønt i ægte Norsk Stiil”. Men det var ikkje dette Noreg ho var mest oppteken av, verken i tekst eller bilete. For henne er ikkje det ”pittoreske” landskapet, det som berre var til glede for auga, det ho var interessert i. Og difor fekk Eivindvik hard medfart i denne fyrste skildringa, som ”ubeskrivelig stygt, vaat, vildt og ufrugtbart”.

Likare vart det ikkje da ho i 1835 kom til Indre Sogn. Ho la ut frå Hardanger på Jonsok-dagen, og kom gjennom Hafslo til Skage i Fortunsdalen. Sogn var slett ikkje eit reisemål for Kølle, men da ”der ey var mueligt at komme over Fjeldet”, vendte ho etter nokre dagar om og reiste utatt til Luster.

Dei frodige områda omkring Jordanger kyrkje i Hafslo fekk rosande omtale i tekst og akvarell av Catharine Hermine Kølle. Bergens Museum.

Den 28. juni kom ho over Lærdalsøyri til Ljøsne. På vegen tykte ho Jordanger i Hafslo var det penaste området, fordi det utmerkte seg med fruktbare marker og strykande elver, innhylla av skogrike fjell. Det var dei moderate, skogdekte fjellsidene og dyrkingslandet ho sette høgast. Attåt teksten tok ho seg stunder til å måle Jordanger kyrkje med landskapet omkring. Ho er like dokumentarisk med pensel som med penn, og fleire kunsthistorikarar har skrivi henne inn i prospekttradisjonen etter J. Fr. L. Dreier som også Flintoe var påverka av.

 

Hæslege Lærdalsøyri

I Sogn går det likevel verst ut over Lærdalsøyri, som ho ikkje kan seia anna om enn at ”der er saa hæsligt som noget Menneske kan forestille sig”. Forklaringa kjem med skildringa av Lærdalsdalen ved Tønjum kyrkje, der dalen utvidar seg og ”antager en blidere Caracteer”. Der veks det trær oppetter fjellsidene og engene blømer. Her er han attkjennande, den fruktbare dalen slik han framleis ligg der og støtt er tidleg ute med både vår og grøde.

 

Landet skildra innanfrå

Kva er det så som gjer at Catharine Hermine Kølle har så nøktern tilnærming til vestlandsnaturen som Johannes Flintoe og Maximilian Carpelan nokre år før skildra som nyhende i hovudstaden? Eg trur den gode Kølle kjende norsk levevis på landsbygda for godt til å bli ein ekte romantikar. Difor hadde ho ikkje interesse av å skildre i ”ekte norsk stil”, slik både kunstnarar og vitskapsmenn gjorde i hennar samtid. Det ho skreiv om Dalsøyri i Luster kan vera eit godt døme:

”Dalsøren i Lyster bestaaer af en vel bebygget Strandtomt, hvor der ogsaa er tæmmelig godt Dyrket og især anlagt Frugt-Haver”. Ho legg vekt på den stadig aukande fruktdyrkinga, og ho skriv det rett ut. I motsetnad til denne nøkterne skildringa av bygda Luster står den mangfaldige bergensaren Gottfried Bohrs skildring frå sommaren 1819, da han gjekk til Lodalskåpa. På vandringa si var han oppteken av å dokumentere Jostedalsbreen og fjella omkring på naturvitskapleg vis. Men da han passerte Luster, påkalla han dei greske gudinnene for blomar og frukt i skildringa si: ”Lysters blide Dale, hvilke Flora og Pomona især have velsignet”. Dette var ikkje ord Kølle ville ha brukt.

I så måte er Kølle på line med det gamlemajoren i Kroken gjev uttrykk for i eit brev til sonen Gerhard i 1821. Han har fått nokre engelskmenn på vitjing, og dei vil se Jostedalens : ”Evigheds-Sne eller Is”. Munthe skulle ønskje det sto i hans makt å spara dei for denne reisa og i staden sende all isen over til England, ”hvor de til evig Tid kunde betragte den”. Jostedølane kunne ikkje leva av å sjå på isbreen sin, meinte Munthe: ”Frugtbare Dale i dens Sted vilde være os mere tjenlig”.

Fortunsdalen får dommen som ”for trang og mørk til at den kan fortjene nogen Roes”. Bergens Museum.

Når eg liknar Kølles skildringar med major Munthe sine, så meiner eg det vitnar om eit avgjerande forhold. Dei er lokale, dei lever midt mellom fjell, is og fjord – Munthe i Sogn og Kølle i Hardanger. Det er ikkje for dei å komma for å sjå på ein isbre og skrive lyrisk om han. Dei hyller heller dei fruktbare bygdene; dei er opptekne av nytteverdien av naturen og ikkje det pittoreske eller spektakulære.

 

Også for Quinden

Både Kølle og Nielsen vart gamle, og på kvart sitt vis sette dei opp minnesmerke over seg sjølve og livserfaringa si. Kølle gjorde det i form av eit måleri av ein kvinnefigur på toppen av ei urne merkt med hennar eigne initial. Nielsen gjordet det med desse orda om endra kvinnekår i hennar levetid: ”det er nu en Tid ogsaa for Qvinden at udvikle sig, som vil føre til Velvære Aands- og Kunstudvikling, og til Alt som kan gjøre Menneskelivet lykkelig, tilfreds og behagelig”.

Petronelle Nielsens lange liv ga henne erfaring av at kvinnerolla var i positiv endring. Catharine Herimine Kølle gjorde eit verdig epitafium over seg sjølv og si målargjerning. Bergens Museum.

I sommar fører utstillinga ”Vandring” i Prestegarden i Luster denne utsegna vidare, der kunstnarane heiter Marianne Heske og Tiril Schrøder. Dei er der ikkje fordi dei er kvinner, men fordi dei er fyrsteklasses kunstnarar. Dessutan speglar dei på kvart sitt vis dei tidlege romantiske mannlege målarane – Schrøder fordi ho er professor i teikning ved Kunsthøgskulen i Oslo, der Flintoe var lærar så lenge, og Heske fordi ho stadig drøftar norsk kultur og natur på nye måtar. Attåt dei kjem kulturhistorikar Kristina Skåden og held foredrag om Catharine Hermine Kølle.

Kjelder:

Nasjonalbiblioteket: Ms.8° 3015 – Petronelle Nielsens etterlatte papirer; Ms. 8° 3678:B ”Gamle Breve”. Brev til Gerhard Munthe 1815–1824.

Universitetsbiblioteket i Bergen: Catharine Hermine Kølles samlinger http://marcus.uib.no/instance/collection/8e937d26-eb79-4c98-97ed-a95222a91327

Christian Frederik Gottfried Bohr: Om Iisbræerne i Justedalen, 1819