Kunstnarleg temjing av fjellet

(Sogn avis laurdag 25. mai 2019)

”Midsommarsdagen 1819, tidigt om morgonen, besteg jag första gongen denna höjd”. Så skreiv den finsk-svenske kartografen Wilhelm Maximilian Carpelan om utsikten frå det høgste punktet langs vegen over Filefjell. Der ”gikk solen up i majestätisk glans bakom de höga Hurrungtinderne, og spridde et i många färger skiftadt ljus öfver dessa ödsliga trakter”. Utsikten skildra han i akvarell, og våren etter stilte han fjella ut for eit kunstinteressert publikum i Christiania. Synd å si det, men det var ein svenske som kom fyrst.

Nå var det aldri tale om eit kappløp mellom nordmenn og svenskar – eller danskar for den delen – da nasjonalromantiske måleri av høgfjella kom til. Det var nok heller tilfeldig at dei var to kunstnarar som såg nett dei same utsiktene sommaren for 200 år sidan og stilte dei ut side om side året etter. Den eine var dansk-norske Johannes Flintoe. Den andre var Wilhelm Maximilian Carpelan (1787–1830) frå det svenske Finland.

 

Jutlamannen i Lærdal. Biletet er i Norsk kultursenter sitt eige og vil bli å sjå i Munthehuset i sommar.

To reiser over fjellet

Carpelan kom til Noreg som adjutant for grev Johan August Sandels som var statthaldar, altså kongens beste mann i systerriket. Utnemninga fann stad våren 1819, og noko av det fyrste Carpelan gjekk i gang med, var å førebu ei reise for statthaldaren. Reisa skulle gå til Bergen, der verken Sandels eller Carpelan hadde vori før. Det var sterk flaum våren 1819, så Carpelan ottast for at vegen ikkje skulle vera farbar. Difor reiste han like godt ein rekognoseringstur i juni. Han tok raskaste vegen til Bergen, opp Valdres og over Filefjell til Lærdalsøyri, og vidare med båt derifrå. Ein av vegane må han ha reist om Nærøyfjorden og over Voss, for han teikna ein foss ved Bergshaugen. Den 16. juli var han tilbake i Christiania, klar for å ta med grev Sandels. Den andre reisa er enda betre dokumentert, fordi sekretæren til statthaldaren, greven August von Hartmansdorff, førte dagbok. Denne gongen reiste dei også over Filefjell, der amtmann Christian Magnus Falsen tok imot dei. Frå Lærdalsøyri fór dei med båt ut Sognefjorden og ned til Bergen, og dei tok same vegen attende.

 

Carpelan, Munthe og Flintoe

I den vesle krinsen av kunstnarar og militære i Christiania vart truleg Gerhard Munthe, Johannes Flintoe og Maximilian Carpelan raskt kjende med kvarandre. Carpelan var eigentleg kartograf, nett som Munthe, og for begge var det utydelege grenser mellom kartteikning og biletkunst. Det har vori fleire spekulasjonar på om Carpelan vart med Flintoe og Munthe på deira fyrste reise over fjellet, men det har Ingrid Fuglerud Danbolt avkrefta i masteroppgåva si om Carpelan. Truleg var heller ikkje Carpelan innom Bolette og Hartvig Munthe i Ytre Kroken, men dei visste godt kven han var, for han er nemnt i breva mellom dei og sonen Gerhard, som er teken vare på i Nasjonalbiblioteket. På både den fyrste og andre reisa si måla Carpelan mange bilete av fjell og fjord. Det fyrste, frå Bergshaugen ved Voss, publiserte han alt same hausten. Det kom på trykk i det svenske Konst och nyhetsmagasin för medborgare af alla klasser. I biletteksten marknadsførte magasinet eit planlagt plansjeverk under tittelen Pittoresk resa til Norrska Fjällen, der den unge norske kunstnaren Flintoe ”som själf besökt dessa orter” var trekkplasteret saman med den akkurat like unge Carpelan. Dei var alt etablerte som kollegaer og visste om kvarandre sine reiser. I mai året etter synte Flintoe og Carpelan 22 bilete kvar på Tegneskolens store utstilling i Christiania. Kunstverka vekte åtgaum!

 

Utsigt ut vestsida av Sognefjorden, nær havet, 13. august 1819, Wilhelm Maximilian Carpelan. Biletet er i Finlands Nationalmuseum. https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Wilhelm_Maximilian_Carpelan_-_Sognefjorden_invid_havet_-_A_II_1254-11_-_Finnish_National_Gallery.jpg

Imposanta utsikter

Mange av motiva på kunstutstillinga var frå Sogn, frå både Carpelan og Flintoe. Dei fleste viste naturen, og Carpelan hadde med ”Gallerne” og ”Jotulen” i Lærdal, og Sognefjorden både mot Kaupanger, Tjugum og Frønningen. Men det siste motivet hans var av bautasteinen på Baldershaugen ved Leikanger. Attåt den ville, utemde naturen var norsk soge frå før dansketida på veg inn i kunsten.

Likevel var det kanskje fjella mellom vest og aust som fekk mest merksemd – dei hadde også fleire blikk på seg. Gjennom plansjeverket Carpelan publiserte etterpå kan vi følgje reisene i tekst og bilete. Men nett som det er eit puslespel å finne ut kva skisser og motiv Flintoe gjorde på kva reise, slik er det også med Carpelan sine bilete. Nokre er daterte, mens andre berre er kjende gjennom plansjeverket. Der har Carpelan inngått samarbeid med fleire. Nokre motiv gjev han opp at han har frå Flintoe. Andre er det geologen Baltazar Keilhau som får æra av. Han var også fleire gongar på oppdagingsferd i desse fjella, og frå sommaren 1820 er det i Nasjonalbiblioteket teken vare på eit stort album med akvarellar. Dei fleste har han gjort sjølv, einskilde har felagen Christen Boeck måla og atter andre er lånt frå Carpelan.

På den eine sida er dei nøyaktige med å gi opp rett kunstnar, på den andre sida verkar det som dei leiker gjømsel med oss i skisse og akvarell. Akvarellen Carpelan er opphavsmann for i Keilhaus minnealbum vart gjort på den andre reisa hans sommaren 1819, den 31. juli. Den er i Pål Sagen og Norsk kultursenter sitt eige, og i sommar er biletet å sjå i Munthehuset i Luster.

Utstillinga i 1820 var fyrste gongen høgfjella mellom Austlandet og Vestlandet vart vist til norske byborgarar, der Carpelans utsikt frå det høgste punktet over Filefjell synte Hurrungane ved soloppgang, midtsommardagen 1819. Kunstverka fekk mykje merksemd. Både Carpelan og Flintoe synte fjella med stor grad av utemd truverd. Likevel vart det berre Flintoe som fekk ein varig posisjon som innleiar av nasjonalromantikken. Carpelan returnerte til Sverige i 1824. Rett nok arbeidde han med norske motiv i Sverige også, og teikna ferdig fleire kart. Men han vart ingen gammal mann; han døydde i 1830. Siste leveåret skreiv han til Flintoe om kor sjuk han var av giftstoffa dei nytta for å gjera fjellmotiva mangfaldige.

Da var Flintoe for lengst rekruttert som lærar ved Tegneskolen, der han inspirerte fleire generasjonar av målarar til å temje fjellet i kunstnarleg framsyning.

 

Sommaren 1819 sto Carpelan på Murklopphøgda på Filefjell og skisserte dette biletet. Det er truleg fyrste gongen Hurrungane og fjella i det som seinare fekk namnet Jotunheimen vart måla. Biletet er i Norsk kultursenters eige og blir vist i Munthehuset i Luster i sommar.