Apostolisk reise
Tredje artikkel i Sogn Avis, trykt 1. juni 2019
I juni 1819 fekk Gerhard Munthe endeleg fri frå arbeidet ved Krigsskulen og kunne legge ut på ferda mot barndomsheimen i Sogn. Kunstnarvenen Johannes Flintoe skulle følgje med; han var hjarteleg invitert frå Bolette og Hartvig Munthe i Ytre Kroken.
Raskaste vegen mellom Kristiania og Bergen gjekk den tida gjennom Valdres og over Filefjell. Men det var ikkje den ruta desse karane skulle ta. Dei skulle opp Hallingdal og klyve over fjellet ned til Aurland. Ein grunn til at dei valde denne vegen var tredjemann i følget, Peder Pavels Aabel, prestesonen frå Aurland som studerte teologi. Han var søskenbarn og jamgammal med Gerhard; mødrene deira var systrer. Han var eit ”vakkert, godmodigt, velopdragent ungt menneske”, skreiv slottsprest Pavels om son til kusina si. Nå skulle studenten slå følge med dei to hine.
Gjekk dei verkeleg?
I brevet fader Hartvig skriv til Gerhard gjev han gode råd til vandrarane. Det er voner om godt vêr i tida dei vil legge ut, meiner han, og dei er sikkert spreke karar, trur Hartvig. Han rår dei likevel til ”ved saadan en apostolisk Befordring” ikkje å gå for lange dagsetapper i fyrstninga, før beina har fått tilstrekkeleg trening. Lette klede og gode sko må dei ha med, men viktigaste rådet er likevel at dei for all del ikkje må drikke ”koldt Vand, naar Du er varm, udenat blande det med Brændevin”. Gjorde dei berre som den røynde forsvarsmannen Hartvig rådde til, ville turen bli ”en sand Medisin for Sjæl og Legeme”.
På skissene sine har Flintoe teikna seg sjølv i skysskjerre på flaumdigre vegar gjennom Hallingdal, så dei nytta ikkje berre apostlane sine hestar.
Skjebnessvanger overnatting
Nedst i Hallingdal tok karane inn på skysstasjonen Gulsvik. Der møtte dei Anne Gulsvik, kjent som ”Mor Gulsvik”. Flintoe portretterte si jamgamle husmor. Mens dei heldt seg i området teikna Flintoe også Rukkedalselva, som han utarbeidde i ”gouache” (bilete fargelagde med dekkande akvarellmåling) og stilte ut i Kristiania året etter.
Karane reiste vidare oppover Hallingdal, og dei tok ved Jonsok-leite inn i prestegarden i Ål. Der budde familien Leigh, med presten Morten Andreas og tredje kona hans, Anna Margrete Grøntvedt. Morten Leigh hadde studert i lag med far til Peder Pavels Aabel i København, og difor var det ikkje så rart at dei stoppa i Ål prestegard på vegen til Aurland. Det var eit sorgens hus som møtte ungkarane. Morten Leigh låg sjuk på sjette månaden og døydde i august same året. Men to av ungane var heime, og det vart eit skjebnesvangert møte for Peder Pavels Aabel.
Innan dei reiste derifrå var den 23 år gamle Peder og den 19 år gamle jomfru ”Grethe” forlova.
Flintoe måla ein akvarell frå prestegarden som han skreiv at var ”optaget ved St. Hansdagtider”. Difor veit vi kva tid dei var der. Sjølv om den unge herr Peder vart bråforelska, så han reint mista forstanden, slik gamlemajoren i Kroken skildra det, måtte dei vidare, opp på fjellet.
Fleire på reise?
Dei overnatta ved Strandevatnet, før dei kom seg over grensa til Nordre Bergenshus Amt og fekk auge på Aurlandsdalen. Der teikna Flintoe skissene til det som året etter vart vist fram i måleriet frå Bjønnestigvarden. På biletet peikar den lokalkjende bonden utover dalen. Men kven er alle karane på biletet? Flintoe har sikkert teikna inn seg sjølv og Munthe og Pavels Aabel, men enda er der to bykledde karar.
Nett som dateringa av skisser og måleri frå Flintoes hand er vanskeleg å vera viss på, like godt dølger han for oss kven han har måla her. Både eit bilete av kveldssola over Hallingskarvet, i Pål Sagen sitt eige, og ein akvarell frå prestegarden i Aurland er datert med 27. juni. Det går knapt i hop med vandring på krunglete fjellvegar. Mens felagane på reise var til fjells eller ved fjorden denne søndagen, satt truleg familien Munthe og venta på dei utan å veta kor langt dei var komne. Det var ikkje så godt å rekne ut presis reisetid for 200 år sidan.
Vassvegen til Kroken
Anten dei stogga for stutt eller lang tid i Aurland, drog Munthe og Flintoe etter kvart vidare fjordvegen til Kroken. Flintoe har skildra ein slik fjordskyss i både bilete og tekst, der den reisande kan sitta eller ligge ”i al Magelighed” og høre på skysskaren sitt sognemål.
Ytre Kroken
Vel framme i Kroken fann dei eit stort hushald. Familien omkring Bolette og Hartvig talde sju ungar som var heime. Det var nest eldste sonen, Peder, som nett var heimkomen frå Krigsskulen i Christiania. Der hadde han vori i åtte år, til evig uro for foreldra. I motsetnad til eldstesonen Gerhard, som gjorde lynkarriere, gjekk det heller seint med Peder. Nå var han endeleg heimkomen. I huslyden her var også dei fire døtrene Marie Catharine 22 år, Nicoline Birgitte 19 år, Mette Andrea 18 år og Inger Marie 16. Dei to yngste sønene var også heime. Frantz Wilhelm var fylt 11, mens Christopher ikkje var meir enn tre år. Bolette var berre 20 år da ho fødde fyrste bornet, og nesten 42 år da yngstemann kom. Dei to eldste døtrene hadde også vori ute av huset ei tid. I 4 ½ månad i 1817 losjerte dei hos ei Jomfru Kiutel i Bergen, der dei skulle lære seg saum og dans.
Huset her i Kroken var ikkje så høgt og stort som det er nå. Slik sto det ferdig i 1848, etter at kaptein Gerhard hadde teki over. Men fyrste høgda har det meste av rom og skipnad som for 200 år sidan. Hovudinngangen var som nå, midt på sjøsida, som sjølvsagt var vegen ein kom. Til høgre for gangen var daglegstova, med nett same storleik som i dag, men med annan utsjånad. I rommet til venstre for gangen var storstova, der Flintoe sine bilete nå i sommar får komma attende på utstilling.
Hushaldet på Kroken var likevel mykje større enn familien. Om det hadde same storleik som ved folketeljinga i 1801, var det fire mannlege og seks kvinnelege tenarar. Nokre av kvinnene var heilt sikkert på stølen da Flintoe kom til Kroken. Attåt hushaldet talde Bolette og Hartvig 12 husmannsplassar til eigedomen sin. Det var med andre ord ein stor gard Flintoe kunne teikne den fyrste daterte akvarellen av den 9. juli i 1819. Utover sommaren reiste han omkring i nærleiken og gjorde seg kjend med blyant og pensel. Bileta hans gjer oss kjende med same tid og trakter, 200 år etter.
Kjelder
Nasjonalbiblioteket: Ms. 8° 3678:B ”Gamle Breve”. Brev til Gerhard Munthe 1815–1824.
Claus Pavels's Dagbøger for Aarene 1817–1822
Folketeljinga 1801
Provst Peder Pavels Aabel og hustru Margrethe født Leigh. Et stykke slegtshistorie
Siri Munthe: Restaurering av en embedsmannsgård, hovedoppgave i kunsthistorie, Universitetet i Oslo, 2000.
Nils Messel: Oppdagelsen av fjellet. Nasjonalmuseet, 2008.