Flintoe og folkedraktene

Artikkel 5 i Sogn avis, på trykk 15. juni 2019

Da Johannes Flintoe følgde med Gerhard Munthe frå Kristiania til Sogn i 1819 var det ikkje folkedrakter han var mest interessert i. Likevel kom han til å dokumentere norske bønder frå dalar og fjordstrok på ein måte som skulle bli viktig på meir enn eitt vis.

Når eg går gjennom skissene som er teken vare på etter Flintoe, er det menneske med på mange av dei. Nokre gongar er det små, sjølvstendige figurstudiar, andre gongar spelar menneska ei statistrolle i landskapet. Og nokre gongar får bøndene spele hovudrolla.

Frå den aller fyrste reisa, i 1819, er det berre to bilete av bønder som er daterte. Det eine er eit portrett av den unge kona Anne Gulsvik som tok i mot vegfarande på Flå i Hallingdal. Det andre er ei samansetting av bønder frå Sogn, og dei vart raskt presentert for eit større publikum.

Sogningar på prent

Ved den store kunstutstillinga i hovudstanden i 1820 var det rett nok ikkje med nokre draktbilete. Der var det vegar, fjell, fossefall og fjord som var hovudmotiv. Eit og anna bilete viste historiske bautasteinar og gravhaugar. Noregs stolte historie var på veg inn i ein politisk kunst, men ikkje gjennom skildringar av folkelivet, anna enn i statistroller. Ein bonde på veg heim til Valdres med fisk han har handla på Lærdalsøyri er med i eit Carpelan-bilete. På Flintoe sitt prospekt av Rukkedalselva i Hallingdal kan ”En Hallingpige i Stadsdragt sees i Forgrunden”, fortel katalogteksten.

To år seinare kom sogningane på prent. I tidsskriftet Hermoder, som skildra seg sjølv som ”et Ugeblad af blandet Indhold”, kom Gerhard Munthe inn som medarbeidar. Han var tydelegvis med i det som gjekk føre seg av kunst og kultur i hovudstaden. Og våren 1822 fekk abonnentane eit koparstikk signert Flintoe som vedlegg i bladet. Biletet viste ”Norske Nationaldragter”, og scenen var frå Sogn.

Drakter frå Indre og Ytre Sogn. Johannes Flintoe, 1819. Dette er originalbiletet som er i Nasjonalmuseet. Koparstikket som følgde med Hermoder blir å sjå i Munthehuset i Luster i sommar.

To år seinare kom sogningane på prent. I tidsskriftet Hermoder, som skildra seg sjølv som ”et Ugeblad af blandet Indhold”, kom Gerhard Munthe inn som medarbeidar. Han var tydelegvis med i det som gjekk føre seg av kunst og kultur i hovudstaden. Og våren 1822 fekk abonnentane eit koparstikk signert Flintoe som vedlegg i bladet. Biletet viste ”Norske Nationaldragter”, og scenen var frå Sogn.

Biletet bygde på skisser Flintoe gjorde på reisa i 1819, og han hadde sett saman to bønder frå Indre Sogn som møtte ein ytresogning ved fjorden. Nå vakna Munthes slektningar i Kroken og Sogndal. Dei hadde teikna seg som tingarar av bladet, og far Hartvig var godt nøgd med at sonen nå hadde funni enda eit felt å spreie interessene sine over. Bladet er godt, skriv Hartvig, det er noko anna enn den tørre avisa han elles les, og den siste tida har magasinet vorti godt motteken, ja det har ”rentud sagt godt Omdømme”. Men han gjer unnatak for draktbiletet!

Falske drakter

Dette kan ikkje vera frå Indre Sogn, skriv Munthe senior til sonen. Ein annan slektning, soknepresten i Sogndal, Søren Hielm Friis, skriv også til bladfyken. Friis er i harnisk: ”Det sidste Maleri eller Kobber var yderst elendigt, ja endog latterligt”, skriv han. Draktene er falske; målaren må vera ukunnig eller kanskje likesæl. Og han fortsett: ”Naar ser man nogen indre Sogning med en lang rød Vest, der naar ham til Beltet?”

Eg veit ikkje om Gerhard Munthe fortalde Flintoe om kritikken, men det stemmer at draktbiletet har skilt seg ut som vanskeleg å bruke som påliteleg kjelde. Dei seinare draktbileta Flintoe laga så mange av, både frå Sogn og andre plassar, er derimot aldeles etterrettelege, så kanskje tok han lærdom. Desse bileta av norske bønder har vori særs viktige som kjelde til draktforskinga. Men da Flintoe kom til Sogn fyrste gongen var den norske odelsbonden enno ikkje etablert som kunstnarleg motiv.

Politiske bønder

Flintoe sine bilete skulle raskt bli viktige i det politiske ordskiftet om kva posisjon bondestanden og bondelandet skulle ha i nasjonsbygginga utover 1800-talet. Det held å nemne Flintoe sine dekorasjonar av ”Fugleværelset” på Slottet i Oslo, Joachim Frich sine bondelivsskildringar på lystslottet Oscarshall og eit namnepar som Tidemand og Gude.

Så lenge etterpå er det lett å gløyme at dette ikkje vart til utan meiningsjamning mellom embetsstand og bønder.

Eit sluttpoeng i brevet frå presten Hielm Friis er difor verdt å merke seg. Han har slett ikkje sans for at norske bønder skal presenterast i bilete og tekst i eit slikt blad. Send oss i staden ”fortjente Mænds Portræter”, er hans innspel. Friis vart slik ein representant for embetsstanden som ikkje verdsette den nye statusen bøndene fekk på 1800-talet. Han hang att i 1700-talets syn på folket som ei underklasse som gjennom opplysing kunne tene staten betre økonomisk. Presentasjonen av ”nasjonaldraktene” er derimot å sjå som eit tidleg uttrykk for bondestanden som dei fremste berarane av den norske historia. Dette vart viktige tufter å bygge den nye nasjonen på, men det fann ikkje støtte hos alle i dei førande stender.

Gerhard Munthe, derimot, var meir framtidsorientert. Og eg er trygg for at han sommaren 1819 gledde seg til å vise fram dei dramatiske fjella og den frodige vestlandsnaturen omkring barndomsheimen.

Med Flintoe og Munthe hos bøndene

Eg leikar meg litt med å tenkje på korleis embetsmannssonen frå Kroken og den dansktalande kunstnaren fekk innpass hjå bøndene i Sogn. Heime på garden hadde dei lokale tenarar og husfolk omkring seg, men i eit hushald sterkt prega av skilje mellom stand og klasse. Det syner i smått og stort frå kjeldene, også gjennom kleda dei brukar. Hartvig pyntar seg med militæruniform for bryllaup og når han sitt modell for Flintoe. Døtrene skriv til Gerhard om både hattar og kjoletøy frå hovudstaden. Og når vandrande skreddarar kjem til Kroken, så kjem det to ulike – ein til sjølvfolket og ein til tenarane. Eg vel å tru at tenarskapet kledde seg i det vi i dag kallar folkedrakt, og at også den delen av løna som vart betalt i klede og tekstil var etter lokal skikk.

Flintoe gjekk likevel litt lenger unna garden for å finne motiv til draktbileta sine, til dømes inn fjorden til Fortun og oppover mot høgfjellet. Den andre gongen han vitja Sogn, i 1822, var han i følgje med botanikaren Matthias Blytt. Han skreiv om reisa og folk dei møtte, i bladet Hermoder.

Dei kom til Opptun i september. Kona låg framleis på stølen, men dottera, ”den vakkre Anne”, sendte bod etter mjølk åt karane. Ho viste straks reisefølgjet ”en uskyldig ligefrem Opmærksomhed”, skriv Blytt. Det sto godt til med fjellfolket, meinte han; dei levde i jamn velstand, både i hus og klede. Ølet var servert i massive sølvkanner og ”Fruentimmerne vare klædte i saa pyntelige hverdagsklæder af hjemmevidkede Tøier, at mangen østlandsk Qvinde ei vilde skamme sig ved at gaae i Kirke med en saadan Dragt”.

Nett som for Catharine Hermine Kølle, vart vêret i fjellet for dårleg for karane, og dei vart på Opptun lenger enn dei tenkte. Sjølv om den vakre Anne tok vel mot karane, kvidde ho seg da Flintoe ville teikne henne i kyrkjekleda. Ho utbraut: ”Aa me ha ikkje noko Stass me, som buer saa høgt oppi Tindadden!” Eit par sylvspenner gjorde at ho attra seg og sa ja.

Draktbiletet frå Fortunsdalen syner korleis Flintoe her let folk og klede få spele hovudrolla; det er dei som er fargelagde. Teksten markerer at ho er ei kyrkjekledd ugift kvinne mens karen er arbeidskledd. Truleg tok han lærdom av det upresise biletet frå 1819. Nasjonalmuseet.

Nyoppdaga draktskisse av Flintoe

Kanskje er det Anne Opptun Flintoe har teikna på ei skisse som nå er ved Bergen Billedgalleri/KODE? Skissa har ikkje vori framme i drakthistoriske drøftingar tidlegare. I tillegg til at skissa bygger oppunder kjeldematerialet som alt finst, gjev ho innsikt i korleis Flintoe jobba. Med blyant har han teikna kvinna og kleda ho har på seg, nøyaktig og påliteleg. Så har han fargelagt kleda, men han har også skrivi ein tekst attåt biletet. Fargane stemmer ikkje med teksten. Kanskje er dette eit døme på at han arbeidde vidare med skissene, prøvde ut kva fargar som kunne høve når han skulle bruke figurane i dei større måleria? Det er i alle fall inspirerande å søke etter Flintoe i museum og skriftlege kjelder – og nytt kjeldemateriale kjem faktisk fram – 200 år etter at han fyrste gongen vitja Sogn.

På skissa har Flintoe skrivi, omsett til moderne norsk: Grønt svartstripet skjørt, grøn vest og ermar, fiolett rosenrødt silke-livstykke, raud damask-brystduk med sølvkant, mørk lilla blankt forkle. På kragen brei svart fløyelskant og gylt rosett. Nedst på stakken er det ingen kant. Bergen Billedgalleri/KODE.

Kjelder

Nasjonalbiblioteket: Ms. 8° 3678:B ”Gamle Breve”. Brev til Gerhard Munthe 1815–1824.

Hermoder

Aagot Noss (1970): Johannes Flintoes draktakvarellar