Flintoe, Munthe og nasjonalromantikken
(artikkel 1, Sogn avis laurdag 18. mai 2019)
Den 8. mai i 1819 sitt pensjonert major Hartvig Munthe på garden sin Ytre Kroken i indre Sogn og skriv brev. Han skriv til eldste sonen sin, Gerhard, som alt i mange år har budd i Christiania. Nå skal odelsguten endeleg komma heimatt på visitt til sommaren. Det er lenge sidan sist; ikkje sidan jula 1816 såg dei han heime. Far Munthe gler seg over at sonen tar med seg ein ven denne gongen. Det er kunstmålaren Johannes Flintoe (1787–1870) som skal slå følgje. Lite veit dei der i Sogn at dei skal bli vertskap for heile nasjonalromantikken. Gjennom dei kommande 20 åra tar Gerhard jamleg med seg kunstnarvener heim til garden, før han sjølv flytter heim og held fram med å huse kunstmålarar frå inn- og utland.
Nå, 200 år etter denne fyrste kunstreisa over fjell og inn fjord, er det tid for å jubilere. Det går føre seg i same huset og på same garden som der familien Munthe budde. I dag er det ei stifting som driv ”Munthehuset”, der kunstsamlar Pål Sagen raust stiller ut delar av samlinga si frå Jonsokleite. Det blir foredrag, musikk og mat. Og på andre sida av fjorden, i prestegarden i Luster, syner dagens kunstnarar seg fram. Utstillinga ”Vandring” presenterer videoprint av Marianne Heske side om side med Tiril Schrøders nytolkingar av Flintoes draktakvarellar.
I ein artikkelserie fram mot Jonsok føl eg Flintoe og Munthe på ferda, med eit kulturhistorisk blikk på innleiinga til det som langt seinare vart døypt nasjonal-romantikken.
Det var ingen tvil om at Flintoe skulle få husrom hjå familien Munthe denne sommaren. Dei hadde alt hørt om denne kunstnarvenen i fleire år.
Vener
Flintoe kom frå København til Christiania i 1811, der han straks etablerte seg som målar i fleire sjangrar. Same året han kom måla han eit skoglandskap til scenen for ”Det Dramatiske Sælskab” i Grensehaven, og da Karl Johan vitja byen i 1814 måla Flintoe to transparentar i dørene inn til dansesalen i Paleet samt fleire dekorasjonar utanpå hus i byen – alt til prinsen si ære. Flintoe arbeidde dag og natt den siste tida, skriv han i sine sjølvbiografiske notat.
Løytnant Munthe hadde gjort militær lynkarriere, og i 1815 kom han i teneste hjå ”den Norske Opmaaling”, berre 20 år gammal. Krigsskulen var på den tida einaste teikneutdaninga i landet, og Munthe må ha synt talent i faget. Frå 1818 var han teiknelærar på Krigsskulen. Vegen frå militær kartteikning til biletkunst var ikkje lang den tida.
I den vesle hovudstaden kom Flintoe og Munthe i kontakt. Dei møttes over middagsbordet hos gjestgivaren, skriv Flintoe. Om våren i 1815 hadde Gerhard sendt ei teikning heim til foreldra. Han gjekk nå i lære hjå Flintoe. Faren svara oppmuntrande til sonen si kunstinteresse: ”Det glæder mig meget, at Du snart venter Din Ven fra Kjøbenhavn igjen for at begynde Dine skjønne Øvelser paany, som Du allerede har bragt saa vidt.” Hartvig vonar sonen målar sjølvportrettet sitt, som kan henge attåt portrettet av farfaren han er oppkalla etter. Sjølv embetsfamiliar langt ute på landet følgde konven-sjonane med familieportrett, om ikkje så mange kunne måle seg sjølve.
Kunstlivet i Christiania
Christiania hadde ikkje mange kunstnarar på denne tida. Jacob Munch var uteksaminert frå Kunstakademiet i København og kom om våren 1814 attende til Noreg, etter mange år utomlands. Dansken Carl Frederik Vogt (1781–1834) hadde vori her nokre år da grunnlova vart til, men nå vart Munch raskt yndlingen til borgarskapet, skriv Nils Messel i utstillingskatalogen Norge 1814. Prinsen som venta på å bli konge av det nye riket, Christian Frederik, ivra for at kunsttilhøva skulle bli betre: ”Overhovedet veed Gud at Kunstnernes Tilstand er højst bedrøvelig her i Norge – Det maae og skal blive bedre.” Slik skreiv han til professor ved akdemiet, C.F. Hansen.
Og betre skulle det bli. Både utstillingsverksemd og offentleg teikneskule bidrog til det.
På ettervinteren i 1818 kom eit initiativ til ein offentleg teikneskule. Flintoe fortel sjølv at det var målaren Munch som sto bak, og at han gjerne ville ha Flintoe med på opp-ropet. Det våga ikkje Flintoe seg på; det var freista to gongar før med teikneskule, utan hell. Munch lukkast likevel, og etter få år vart Flintoe invitert med på nytt og var lærar der i over 30 år.
Til den fyrste opne utstillinga i byen, derimot, meldte Flintoe seg på da invitasjonen sto avertert: ”Det er en uimodsigelig og til alle Tider erkjendt Sandhed, at Intet virker kraftigere til Konsternes Fremme end offentlig Udstilling af deres Frembringelser.” Slik inviterte Den Norske Rigstidende særleg ”den unge Begynder” til å levere verk til den fyrste kunstutstillinga av dette slaget i Noreg. Invitasjonen var signert [Jacob] Munch, [Heinrich August] Grosch og ein Hansen. Nils Messel meiner det må vera diktaren Mauritz Hansen. Breidda på utstillinga var stor, frå ruvande oljemåleri til miniatyrar og frå kart til strikka bilete. Fem av dei 30 utstillarane var kvinner.
Frå den trykte katalogen går det fram at både Gerhard Munthe og Johannes Flintoe var representerte. Munthe viste ”Landkaart over en Deel af Østerdalen” samt ”Tvende Landskabsmalerier” i olje. Johannes Flintoe deltok med to måleri og tre teikningar. Flintoe sine motiv er idealiserte og inspirert av litteratur, dei er ikkje teikna av naturen. Kva Munthe sine landskap viste, er ukjent i dag, men frå brevsamlinga går det fram at han hadde sendt heim ei teikning av garden i Sogn. I alle fall kjende Munthe betre enn dei fleste byborgarane både fjell og fjord.
Nå inviterte han teiknelæraren med seg vestover.
” Hr. Flintoe skal være mig hjertelig velkommen”
Fader Munthe såg med blide auge på korleis sonen gjorde framsteg innan målinga – ”kongen for de skjønne Kunster”. Han meinte sonen hadde gode evner, så han kunne ”bringe det temmelig vidt heri”. Også da Gerhard vart medlem av ”Det Dramatiske Selskab” var det berre godord å hente hjå faren. Kunnskapen om å ”deklamere ret godt” kunne vera nyttig for ein militær, meinte han.
Nå, i mai 1819, var våronna så vidt i gang i Sogn. Året før hadde vori elendig, så Hartvig Munthe måtte til liks med mange andre kjøpe såkorn. Det er ein Fandens pengemangel, skriv han til sonen. Dei vanskelege tidene til tross: han må endeleg ta med seg venen heim, berre han ser til å førebu han godt. Munthefamilien fører ein ”tarvelig” og ”simpel” levemåte der ute i periferien, og far er redd Flintoe kan komma til å angre den lange reisa. Men berre sonen lovar å bu han på det ”enfoldige” leveviset, skal Flintoe ”finde al mulig Venskabelighed her”, skriv major Munthe. Med den invitasjonen på plass kunne kunstmålaren og kartografen vandre inn i det som skulle bli ein gullalder i norsk kunsthistorie.
Kjelder
Nasjonalbiblioteket: Ms. 8° 3678:B ”Gamle Breve”. Brev til Gerhard Munthe 1815–1824.
Morgenbladets ekstranummer 15/9–6/10 1901, med utdrag av Flintoes sjølvbiografi.
Nils Messel: ”Jacob Munch. Offiser og gentleman” I Nasjonalmuseets katalog Norge 1814.
Norsk Rikstidende
Fortsetting av artikkelserien
2. Wilhelm Maximiliam Carpelan – fyrste bilete av dei ville fjella
3. ”Apostolisk Befordring”: Johannes Flintoe, Gerhard Munthe og Peder Pavels Aabel si reise sommaren 1819
4. Feministisk vandring – Catharine Hermine Kølle og Petronelle Nielsen
5. Flintoe og folkedraktene
6. Sogn 1819 og 2019